førdebogeskyttarklubbNo er NM skive og NM 3D på Røros ferdig skutt, og vi i Førde gratulerar både arrangørar og utøvarar i Fredrikstad og på Røros med innsatsen. Måndag 3. september starta vi opp innandørs med nybegynnarar og erfarne skyttarar i ein full treningshall. Neste gong bogeskyttar-Noreg samlast er det altså i storstova vår, Førdehuset, 5. - 7. april 2019.

Då er det er 41 år sidan sist, og vi håper de stiller mannsterkt til det som óg blir markeringa av 50 år med organisert bogeskyting i Førde. Vedlagt finn de ein oversikt over hotellavtalane vi har inngått og fleire alternative moglegheiter til å skaffe dykk tak over hovudet. I Førde har vi noko for ein kvar smak. 

Vi ønskjer dykk alle saman hjarteleg velkomne!

 

med vennleg helsing
Jan Roar Sekkelsten
Leiar, Førde bogeskyttarklubb
e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
web: bogeskyting.no

Vedlegg:
FilStørrelseSist endret
Last ned denne filen (FBK - Hotellpriser NM inne 2019.pdf)FBK - Hotellpriser NM inne 2019.pdf879 kB04. sep 2018